Avansert søk

Eitt treff

Bokmålsordboka

Nynorskordboka 90 oppslagsord

bakk 1, bakke 2

substantiv hankjønn

Opphav

frå lågtysk og nederlandsk; opphavleg av mellomalderlatin bacca ‘vasskjer’

Tyding og bruk

  1. lite serveringsbrett
  2. (lita) skål, fat, mellom anna til matservering for sjøfolk
    Døme
    • krus og bakk

bakk 2

substantiv hankjønn

Opphav

same opphav som bakk (1

Tyding og bruk

stutt dekk (1) framme på skip (som mannskapet opphavleg hadde mat- og opphaldsrom under);
halvdekk framme på open båt

bakke 3

substantiv hankjønn

Opphav

norrønt bakki

Tyding og bruk

  1. terrengskråning, særleg om sida av ein ås eller haug
    Døme
    • ein bratt bakke i vegen;
    • gå opp bakken;
    • huset låg oppi bakken
  2. Døme
    • dette i bakken;
    • miste noko i bakken
  3. rygg på ymse bitjern;
    motsett egg (1, 1)

Faste uttrykk

  • bere utfor bakke med
    gå (sterkt) attende, bli svakare;
    gå ille
    • det ber utfor bakke med økonomien;
    • livet gjekk utfor bakke etter ulykka
  • gå i bakken
    ramle, falle i bakken (3
    • gå i bakken med eit smell;
    • fleire stillas gjekk i bakken under stormen
  • leggje i bakken
    bringe til liggjande stilling på bakken, takle;
    vinne over (i slåsting)
    • bli lagt i bakken av politiet
  • liten bakke
    i skihopp: normalbakke
  • på berr bakke
    utan naudsynte ressursar;
    utan kunnskap
    • familien stod på berr bakke etter flaumen;
    • politiet står på berr bakke i etterforskinga
  • setje på bakken
    i luftfart: parkere, ta ut av trafikk
    • flyet vart satt på bakken etter ein teknisk svikt;
    • selskapet har vorte tvunge til å setje fleire pilotar på bakken
  • stor bakke
    i skihopp: stor hoppbakke;
    storbakke
  • ta seg ein pust i bakken
    ta seg ein pause

oppover

preposisjon

Tyding og bruk

  1. mot den øvre delen av noko;
    mot noko lenger opp;
    Døme
    • kome oppover bakken;
    • gå oppover kyrkjegolvet
    • brukt som adverb:
      • gjere eit sprang oppover
  2. innover frå kysten eller i retning nord
    Døme
    • sigle oppover elva;
    • reise oppover Europa
    • brukt som adverb:
      • dra oppover til Nord-Noreg

over

preposisjon

Opphav

truleg av lågtysk ōver; jamfør norrønt yfir og eldre nynorsk yver

Tyding og bruk

  1. i samanlikning: på eit høgare steg eller nivå enn;
    høgare enn, større enn;
    Døme
    • biletet heng over sofaen;
    • ti meter over bakken;
    • ho er over 30 år;
    • vere over nokon i rang;
    • herske over nokon
    • brukt som adverb:
      • bu i etasjen over
  2. Døme
    • diktaren over alle diktarar;
    • dette går over alle andre omsyn
  3. ovanfrå og ned på
    Døme
    • få ei bytte vatn over seg;
    • eg ynskjer berre vondt over han
  4. Døme
    • ha dyna over seg;
    • kaste seg over ein motstandar;
    • dei kasta seg over arbeidet
  5. på overflata av;
    Døme
    • han strauk barnet over håret;
    • breie høy ut over bakken;
    • vere brun over heile kroppen
  6. Døme
    • ha frakk over dressen
  7. eller til den andre sida av
    Døme
    • ro over fjorden;
    • gå over fjellet;
    • bu over gata
  8. Døme
    • reise frå Trondheim over Røros til Oslo
  9. Døme
    • halde ein tale over radio
  10. vidare enn (noko som avgrensar eller stengjer)
    Døme
    • vatnet rann over bassengkanten;
    • setje seg ut over lova;
    • det går over min forstand;
    • over evne
    • brukt som adverb:
      • koke over
  11. meir enn
    Døme
    • temperaturen er over 20 °;
    • eg betaler ikkje over 1000 kr;
    • by over nokon
  12. til slutten av;
    gjennom (ei viss tid)
    Døme
    • det leid langt over middag;
    • bli buande vinteren over
    • brukt som adverb: slutt, til ende
      • uvêret dreiv over;
      • framsyninga er over
  13. brukt i uttrykk for kjensler eller annan reaksjon: på grunn av, når det gjeld
    Døme
    • glede seg over livet;
    • vere fornærma over noko;
    • sørgje over nokon;
    • låte vel over noko
  14. brukt føre nemning på emne, gjenstand for ei åndsverksemd eller eit åndsprodukt:
    Døme
    • tenkje over noko;
    • bli klar over kva som hende;
    • preike over eit skriftord;
    • lage eit oversyn over arbeidsoppgåvene
  15. i samband med visse verb: i to stykke
    Døme
    • sage over ein planke;
    • file over ei jernstong

Faste uttrykk

  • gje seg over
    overgje seg;
    miste motet;
    bli heilt maktstolen eller himmelfallen
  • gå over
    ta slutt;
    gje seg
    • sjukdomen gjekk over til slutt
  • kome over
    • støyte på;
      finne tilfeldig
      • dei kom over eit godt tilbod
    • leggje motgang eller krise bak seg
      • han kom aldri over at mora døydde så tidleg
  • over ende
    ned frå oppreist stilling;
    hovudstups, i koll
    • bjørka bles over ende;
    • ho stupte over ende;
    • bli slått over ende;
    • føretaket gjekk over ende
  • over laget
    meir enn vanleg, overlag
  • over og ut
    • uttrykk brukt for å avslutte kommunikasjon via radio
    • slutt for godt
      • no er det over og ut for verksemda
  • snakke over seg
    tale i ørska
  • stå over
    ikkje ta del (i aktivitet som det er venta at ein tek del i)
    • ho måtte stå over kampen
  • vake over
    ha jamt tilsyn med
    • dei vakte over han gjennom natta

politigrep

substantiv inkjekjønn

Tyding og bruk

grep (1) som politiet bruker
Døme
  • politikvinna la han i bakken med eit politigrep

opp

adverb

Opphav

norrønt upp

Tyding og bruk

  1. frå lågare til høgare stad, grad, steg eller liknande;
    motsett ned (1)
    Døme
    • klatre opp på taket;
    • dra opp i åsen;
    • kom hit opp;
    • lyfte noko opp;
    • vatnet steig opp til merket;
    • brette opp skjorteermane;
    • gå opp til eksamen;
    • saka skal opp i retten
    • brukt som preposisjon
      • gå opp bakken
  2. til sitjande eller ståande stilling
    Døme
    • reise seg opp;
    • stå opp om morgonen
  3. frå eit punkt under ei overflate og gjennom henne;
    fram i lyset, til syne
    Døme
    • grave opp ein skatt;
    • dukke opp;
    • leite opp bortkomne ting;
    • ugjerninga kom til slutt opp;
    • finne opp noko
  4. frå kysten, innover i landet;
    nordover
    Døme
    • reise opp til Finnmark
    • brukt som preposisjon
      • segle opp elva;
      • dei er på veg opp dalen
  5. brukt i uttrykk for at noko aukar eller stig
    Døme
    • svelle opp;
    • eg har gått opp to kilo;
    • prisane gjekk opp;
    • varme opp maten;
    • lade opp bilen;
    • lære opp elevane;
    • dobbelt opp
  6. brukt i uttrykk for at noko har retning fram mot noko eller er tett ved det
    Døme
    • gå opp mot scena;
    • leggje båten opp mot vinden;
    • stå opp med veggen
  7. om tid: fram
    Døme
    • heilt opp til våre dagar
  8. brukt i uttrykk for at noko går frå lukka til open tilstand eller at noko blir oppløyst eller splitta
    Døme
    • late opp døra;
    • låse opp;
    • få opp auga;
    • få opp ein knute;
    • løyse opp sukkeret;
    • rive opp arket;
    • skjere opp steika
  9. brukt i uttrykk for at noko blir samla i ein hop eller kjem i ei viss rekkjefølgje eller ein viss skipnad
    Døme
    • dunge opp;
    • setje opp ein rekneskap;
    • dei stilte seg opp;
    • telje opp varene;
    • rope opp
  10. brukt i uttrykk for at ein prosess blir ført heilt til endes
    Døme
    • ete opp maten;
    • brenne opp noko;
    • vaske opp;
    • rydde opp;
    • pusse opp

Faste uttrykk

  • opp og ned
    • att og fram (på)
      • gå opp og ned på stovegolvet;
      • gå opp og ned hovudgata
    • frå ein tilstand til ein annan
      • det går opp og ned på børsen
  • rett opp og ned
    • i rak, oppreist stilling
    • stiv, rådvill
      • ho sat rett opp og ned og stirte framfor seg
  • setje seg opp mot
    gjere motstand mot
    • dei set seg opp mot tradisjonen
  • sjå opp til
    setje høgt;
    beundre, dyrke (2, 4)
  • vere opp til nokon
    brukt for å uttrykkje at nokon har rett (og makt) til, eller ansvar for, å avgjere noko
    • hadde det vore opp til meg, ville vi utsett reisa;
    • no var det berre opp til henne

parkeringsanlegg

substantiv inkjekjønn

Tyding og bruk

anlegg for parkering av bilar
Døme
  • eit nytt parkeringsanlegg under bakken

fot 1

substantiv hankjønn

Opphav

norrønt fótr

Tyding og bruk

  1. nedste del av ganglem;
    Døme
    • fryse på føtene;
    • forstue foten;
    • stå med foten i dørsprekken
  2. Døme
    • ha lange føter;
    • ikkje greie å stå på føtene;
    • slå føtene unna nokon;
    • stå på éin fot
  3. del av strømpe eller sokk som dekkjer foten (1
    Døme
    • strikk foten til han er lang nok
  4. fotefar som jakthund kan følgje ved hjelp av lukt
    Døme
    • få fot;
    • finne foten
  5. nedste del av noko;
    Døme
    • ved foten av fjellet
  6. rytmisk eining i verselinje;
    jamfør versefot

Faste uttrykk

  • for fote
    utan å skåne noko eller nokon
    • meie ned for fote
  • få ein fot innanfor
    få innpass (ein stad)
  • få fast fot
    få fotfeste, innpass
    • han fekk fast fot i Noreg
  • få føter å gå på
    gå unna;
    få avsetnad
    • kakene fekk føter å gå på
  • få kalde føter
    vilje dra seg unna
    • ho fekk kalde føter og ville bryte samarbeidet
  • ikkje vite kva fot ein skal stå på
    ikkje vite kva ein skal gjere
  • kaste seg for føtene på nokon
    vise teikn på undergjevnad
  • leggje noko/nokon for føtene sine
    vinne nokon for seg;
    vinne over
    • Ole Bull la verda for føtene sine
  • lett på foten
    stø og rask i gonga;
    snarføtt
  • leve på stor fot
    leve flott;
    ha eit stort forbruk
  • på fallande fot
    sist i svangerskapen
  • på fote
    i orden, i tilfredsstillande tilstand
    • få noko på fote;
    • hjelpe nokon på fote;
    • kome seg på fote att
  • på like fot
    på like vilkår;
    på same grunnlag
    • bli vurdert på like fot med ein annan
  • på ståande fot
    nett no, straks, i farten
  • setje foten i bakken
    ta ein pause og tenkje seg om
    • dei har ikkje noko anna val enn å setje foten i bakken
  • setje ned foten
    setje ein stoppar for;
    seie stopp
    • utvalet kjem til å setje ned foten og skrinleggje arbeidet
  • sitje ved føtene til nokon
    (etter Apg 22,3) vere saman med nokon som ein ser på som lærar eller rettleiar
  • skyte seg sjølv i foten
    gjere ein feil som skader ein sjølv
  • som fot i hose
    lett, greitt
  • stemme med føtene
    vise meininga si ved å forlate ein stad
    • dei har valt å stemme med føtene og dra sin veg
  • stå på eigne føter
    greie seg sjølv;
    stå på eigne bein
  • stå på god fot med
    ha godt forhold til
  • stå på like fot med
    vere lik;
    bli handsama på same måte som
  • ta foten fatt
    byrje å gå;
    ta beina fatt
  • ta føtene på nakken
    byrje å springe;
    ta beina på nakken
  • til fots
    gåande

mønehøgd, mønehøgde

substantiv hokjønn

Tyding og bruk

avstand frå bakken til mønet på eit hus